Skrive av redaktøren sundag 10. juni 2012
Det vert Regional Young Star samling for 15 og 16 år på Markane frå 29. juni til 01. juli.
På denne samlingen vert det også arrangert trenar 2 kurs på skytedelen.
Samlingen er eit samarbeid mellom Hordaland krets og Sogn og Fjordane krets.
Det er Sogn og Fjordane krets som står for program og innhold på denne samlingen, så meir informasjon vert sendt ut straks me mottek det frå fjordingane.
Skrive av redaktøren sundag 10. juni 2012
Gratulere til Marie som fylkesmester på bane i dag. Med 100 poeng i finalen vart det egentlig ikkje spennande om kven som skulle stikke av med sigeren. På feltfinalen var ho ikkje so heldig men enda til slutt på fjerde plass. Steinar Aaland hadde ikkje full klaff på sin feltfinale og enda til slutt på 9 plass. Han tok det igjen på samlagskytinga der han som ankermann skaut 97 og sikra Nordfjord andreplass. I tillegg var Roy Cato og Rolf Magne med på samlagskytinga for senior for Nordfjord andre lag. Dei vart til slutt nr 9. Nordfjord sitt første lag vann. Roy Cato og Øystein skaut og finale på bane der det vart henholdsvis 95 og 97 poeng. Med dette sikra Øystein seg medalje på bane.
Skrive av redaktøren laurdag 9. juni 2012
Marie Alme skaut godt på dagens innledande skyting på fylkesstevnet. Skal ligge på skive 2 på finalen på bane med 247 på innledande og på skive 3 på finalen i felt med 29/19 på innledande. I tillegg er Steinar Aaland tatt ut på laget som skal representere Nordfjord i samlagskytinga for rekrutt og junior. Og Roy Cato Hopland og Øystein Tytingvåg er kvalifisert for finalen på bane me hennholdvis 237 og 236 på innledande. Rand skyttarlag er med andre ord godt representert på finaledagen. Ønske alle lukke til :)
Skrive av redaktøren måndag 4. juni 2012
redaktøren I dag har G11 hatt besøk av Loen. Det var ein kamp med mykje fart i, der Loen pressa godt i første omgong. Det var mange sjansar mot mål, og Loen leda 0-2 til pause. I pausen fekk Veten/Hardbagg spelarane gode tips frå trenar Simon. Dei gjekk på banen med ny giv i andre omgong. Loen …
Skrive av redaktøren tysdag 29. mai 2012
Steinar Aland trykte seg til en ny siger i klasse junior på banestevnet på Syvde i helga. Med 347 poeng var han 1 poeng føre nestemann på lista. Han vann og klassa si på forrige stevne i Vartdal også her med poengsummen 347. Så han har stabilisert seg på et høgt nivå for tida. Vi var totalt 7 frå laget som tok turen til Syvde i lag. Dei andre resultata vart
Klasse rekrutt: Ruben Olai 333 og Marie 330. Klasse Junior: Steinar 347. Klasse 3: Alfred 318 og Roger 317. klasse 4 : Per Kjell 322 og Øystein 321.