I dag har G11 hatt besøk av Loen. Det var ein kamp med mykje fart i, der Loen pressa godt i første omgong. Det var mange sjansar mot mål, og Loen leda 0-2 til pause. I pausen fekk Veten/Hardbagg spelarane gode tips frå trenar Simon. Dei gjekk på banen med ny giv i andre omgong. Loen starta friskt og fekk inn eitt mål til før Veten/Hardbagg samla seg og fekk ballen inn i målet til Loen. Loen kontra og fekk inn sitt fjerde mål, før Veten/Hardbagg avslutta med eitt mål til. Ved kampslutt var stillinga: Heimelaget 2, Loen 4. Vi takkar Irene som serverte nysteikte sveler då kampen var slutt. Det satte store og små pris på.