Skrive av Øystein måndag 4. januar 2010
Løypekøyrarane melder i dag om at det er kjørt opp klassisk spor i lysløypa i dag 4.januar. Det er enkelte plasser det tek ned på røtter så ikkje bruk dine beste klassisk ski enda er oppfordringa i dag. Med litt meir snø utover kvelden og natta kan det være nok til at spora i mårå kan bli bra.
Skrive av monja fredag 1. januar 2010
Vi starter opp med skiskule tysdag 5.januar kl 18 30-19 30
Skrive av Øystein onsdag 30. desember 2009
Snøen som har komt i romjula har ikkje bare vore til forargelse.
Skrive av Øystein tysdag 29. desember 2009
Anleggsstyret melder no at lyset i lysløypa er innstilt automatisk frå kl 16:00 til 22:00. Ber om at dette blir respektert, viss du mot formodning må skru på lyset manuelt i skapet er det du som er ansvarlig for at lyset blir skrudd av om kvelden.
Skrive av Øystein måndag 28. desember 2009
I dag/kveld er heile lysløypa på Ålandsleite kjørt opp. Fine forhold inn til A-masta. Innanfor A-masta vil det i kveld og kanskje i mårå være laust å gå fordi solen ikkje har fått sett seg skikkelig. Med meir kulde i dagane framover vil det sette seg der og. Det er enkelte steiner og røtter som stikker opp, så det kan være lurt å ikkje bruke sine beste ski enda. Det er ikkje kjørt opp spor på grunn av lite snø.
NB! Viss du skrur på lyset manuelt, så pass på at enten du eller en av dei som er der etter deg skrur av lyset. Tidsstyringa er ikkje sett i drift enda.