"Vi er i rute med forbredelsane " seier Per Kjell Aaland som er leiar i hovedkomiteen.
Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
"Vi er i rute med forbredelsane " seier Per Kjell Aaland som er leiar i hovedkomiteen.
Det er optimismen som råder på Ålandsleite no når snøven har kome, "vi treng bare litt til for å få perfekte løyper til NM" ifølge arenasjefen Roger Aaland. Det er no rydda skog for å få til en ny løypetrase og nye standplasser, og det er ikkje lite arbeid som er lagt ned heller. Det er beregna standplass og skiveoppsett til 30 skiver pr hold. for kvart hold er det rydda skog som var i vegen i vel 50 meters breidde. Dette arbeidet er no avslutta og mulige avstander er målt opp for å vurdere kva figurer som skal brukast i NM. Avstanden og kva figurer som skal brukast vil ikkje Per Kjell ut med. " det skal være ukjendt for alle utøvarane" seier han, men legg til "at med en god pris pr meter skal det kanskje være mulig å få nokre tips, men då blir det bare langhold for å få opp prisen" seier han og ler godt. Stemninga er god i organisasjonen og det kan virke som om dei har god kontroll på arangementet.
Det er fyrstre gang skyttarlaget arrangerer NM, men om ikkje skyttarlaget har arrangert eit så stort arrangement tidlegare, er det røynde personar i arrangørstaben som har vore med på store arrangement tidlegare. – Den største utfordringa akkurat no er å få nok snø, samt å få bilane opp til stadion og nok parkeringsplass til alle, konkluderar arenasjef Roger Aaland. Stadionen, Ålandsleitet, ligg høgt og fritt, 400 meter over havet med nydeleg utsikt utover Nordfjorden.
– Vi kan jo også nemne at det vert ei skyttarklasse for dei som har lyst til å forsøke skifelt, so kanskje ikkje har prøvd det før, fortel arrangørane. Det vil seie at det vert litt kortare løype og deltakarane får ha våpenet liggande på standplass. – Vi vil iallefall oppmode folk om å prøve, avsluttar arrangørane.
Vil og oppfordre dei som vil teste øvelsen litt før NM om å stille på samlagsmeisterskap i skifelt som Haugen skyttarlag skal arrangere i midten av februar.
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB