Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Nyheitsarkiv

Rand 1 til finalen i Nordfjordcupen

Skrive av Øystein tysdag 20. juli 2010

Rand sitt førstelag skaut tirsdag 20 juli semi finale i Nordfjordcupen mot Ålfoten. Rand oppnådde 1327 poeng, mot Ålfoten sine 1305 poeng. På laget var Roy Cato 341 poeng, Øystein 330 poeng, Roger 329 poeng og Rolf Magne 327 poeng. Førstelaget er dermed klare for finalen i Stryn den 22 august. Andrelaget skal skyte semi finale mot Markane den 17 august. Får Rand to lag i finalen?



Andre runde i nordfjordcupen

Skrive av Øystein laurdag 10. juli 2010

Både Rand 1 og Rand 2 skal ut på tur i Nordfjordcupen sin andre runde.
Rand 1 skal til Ålfoten mens Rand 2 skal inn på Sindre og møte Markane i andre runde.


Første skyttar fra Rand på over 30 år med 250 poeng

Skrive av Øystein torsdag 1. juli 2010

Steinar Åland oppnådde 250 poeng på stevnet på Løkemyra i helga. Ifølge Per Kjell som er leiar i skyttarlaget har det ikkje vore skote 250 av skyttarar i laget sidan midten av 70- tallet, då meinte han at Arne Skrede oppnådde dette. På omgangen fekk han desverre ikkje ut alle skota, men hadde 10 poeng på kvart av dei 7 skota han fekk ut. Totalt på dei to stevna Steinar skaut i helga tapte han berre to poeng på dei skota han fekk ut. En sterk prestasjon til å være første stevna for året for Steinar.


Toppkamp på Ålandsleitet!

Skrive av redaktøren tysdag 29. juni 2010

Torstein Tvinnereim inviterar til kalasfotball. I anledninga jebusdagen til Torstein Tvinnereim blir det ei litt anna feiring enn normalt. Torstein inviterar til kalasfotball 3. juli, då Hardbagg IL spelar mot kalaslaget på Ålandsleitet.


Kalendar

  • Ingen nylege arrangement.

Annonser