Skrive av redaktøren fredag 30. juli 2010
Søndag 5.september er det klart for Kleiva opp
Søndag 5.september er det klart for Kleiva opp. I år vil det bli pengepremiar til dei tre beste i herre -og dameklassa. Høvesvis kr 2500 for fyrste plass, 1500 for andre plass og 1000 kr for tredje plass. I tillegg vankar det 2500 kr for løyperekord. Dette betyr at vinnaren i herre og dameklassa kan stikke av med 5000 kr dersom dei samstundes set løyperekord.
Dette gjeld i løpsklassa. I sykkelklassa vil det framleis bli premiert med gåvepremiar.
Vi håpar dette kan vere med å på å få på plass mange og gode løparar til eit av landet sine aller eldste motbakkeløp!
Vi takkar Sparebanken Sogn og Fjordane, Stryn Energi og Pricewaterhousecoopers for støtte til pengepremiar!