Hopp til hovudinnhaldet

Nyheitsarkiv

Skiskyttartreffen 2011

Skrive av redaktøren

Det vert Skiskyttartreff på Ullsheim den 8.- 9.oktober. Set av denne helga til spennande aktivitetar og mykje moro. Skiskyttartreffen er for alle mellom 11-16 år (fødde -96 – 01). Meir informasjon og påmelding kjem i midten av september.


Innbyding til jubileumsfest Nordfjord Team

Skrive av redaktøren

Nordfjord Team skal laurdag 8. oktober markere sitt 25 års jubileum. Kven er det for : Alle i skiskyttarfamilien og alle som har vore med og er med i Nordfjord Team: Løparar, leiarar, foreldre, støttespelarar, vener … Så spre budskapet til dei som du trur kan ha interesse av å delta på arrangementet. Påmeldingsfrist 1. oktober til Tor Ivar Kandal. Sjå heile inbydinga under


SKYTETRENING TIRSDAG 13. SEPT AVLYST!

Skrive av redaktøren

Skytetreninga tirsdag 13.september er avlyst. Dette på grunn av problemer med å få gjennomføre for alle før det blir mørkt. Det vil etterkvart bli starta opp på Lote. Det kjem vi tilbake til.


Ny deltakerrekord på Kleiva Opp!

Skrive av redaktøren

103 små og store gjennomførte i dag Kleiva opp. Det er ny rekord. Imponerande på ein dag der vergudane ikkje spelte på lag med oss.


Skytetrening utover hausten

Skrive av skiskyttargruppa

Skiskyttargruppa tek til med skytetrening på skytebana 100 meter. fra tirsdag 30 august og i første omgang 3 tirsdager framover viss det er lys til det. Etterkvart utover hausten er planen at vi har nokre kvelder ute på Lote på miniatyrbana der, før vi tek til oppe på Leite. Det opplegget kjem vi tilbake til seinare. Inviterer alle fra 3. klasse til første års juniorer til å delta. Skiskyttargruppa ber om at dei som har lånt våpen i forrige sesong og som har skaffa seg våpen sjølv eller ikkje vil være med i kommande sesong gir beskjed om dette. Har andre i laget skiskyttarvåpen ståande som ikkje er i bruk og som kan lånast ut hadde det også vore fint om skiskyttargruppa fått et tips om det. Gi beskjed om det til Øystein : oystein.tytingvag(a)enivest.net. eller telefon 97 72 58 21