Hopp til hovudinnhaldet

Nyheitsarkiv

Lagsmesterskap skiskyting

Skrive av redaktøren

Tirsdag 20 mars blir det lagsmesterskap i skiskyting på Leite. Innskyting frå kl 18:30 - 19:15. Start så snart vi er klar etter dette. Etter målgang og opprydding blir det et kort foreldremøte der det blir muligheit til å legge fram synspunkt om sesongen som var og tanker vidare. Ber foreldre gjere seg opp nokre tanker om korleis ein ønsker det skal være vidare framover


Påmelding NM skifelt

Skrive av redaktøren

Fristen for påmelding til NM i skifelt går ut laurdag 17. mars. Årets NM går i Mo. Ta kontakt med Rolf Magne ved spørsmål


Fellestrening langrenn torsdagar

Skrive av redaktøren

Vi køyrer klassisk torsdagar i mars med cuprenn 10. mars Vangen fristil, 15. mars Leite klassisk og 24. mars Vangen klassisk


Hugs reklamemerke!

Skrive av redaktøren

Minner alle om at det skal vere reklamemerke på nye Hardbagg drakter. Sport1 har både merke og oversikt over kvar sponsorane skal plasserast på drakta. Sponsorane er viktige for laget vårt.


Ruben- Olai med kjempeskyting i Svelgen

Skrive av redaktøren

Ruben -Olai Tytingvåg klemte til med heile 249 poeng på miniatyrstevnet i Svelgen forrige helg, Med dette resultatet forbedra han persen sin med 6 poeng. Han fylgde opp med 243 poeng på serieskytinga på Lote onsdagen. Det virka dermed som om han er i rute for samlagstevnet i miniatyr no siste helga i februar som Hornindal skl skal arrangere.