Hopp til hovudinnhaldet

Nyheitsarkiv


To blad Skrede med NM gull i skifelt

Skrive av redaktøren

Både Emil og Sindre Skrede to gull under søndagens normal på NM i skifelt. Dei vann kvar si juniorklasse.


Innbyding Lerumcup 2013

Skrive av redaktøren

Vedlagt er invitasjon til årets Lerumcup. Med 5 stemner og samanlagtpremiering med verdiar for ca 29 000 i tillegg til standardpremie. Påmelding på dfs.no i perioden 7. april - 5. mai. Direktelink til påmelding: http://www.dfs.no/aktuelt-na/arrangementskalender/?time=Alle&includeLocal=False&a=False&search=lerum Sjå også info på lerumcup.no http://lerumcup.no/ Arranggørar er Farnes, Knipenborg, Fortun, Leikanger og Sogndal Skl.


Sogn og Fjordane serien skyting

Skrive av redaktøren

Vi har tidlegare år hatt ei serieskyting kalla Sparebanken Sogn og Fjordane Cupen for banestemne i Sunnfjord, Sogn Indre og Sogn Ytre. Avtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane gjekk ut i fjor, og inntil vidare fekk vi ikkje fornya den. Nordfjord har sin Toyota-cup saman med Sunnmøre som går også i 2013. Fjordane Krets av DFS har for 2013 teke ansvaret for ein ny serieskyting for heile fylket og som er open berre for skyttarar som er medlem i skyttarlag her i fylket. Vi håpar dette blir vellukka og får deltakarar frå heile fylket ! Sunnfjord Skyttarsamlag har fått ansvaret for administrasjon og Florø Skyttarlag har sagt seg villige til å arrangere finalen laurdag 17. august. Det blir som tidlegare premiering både etter innleiande skyting og på finalen. For rekrutt - junior blir det gratis deltaking og dei treng heller ikkje melde seg på. For senior og veteran blir det ei deltakaravgift på 100 kr pr skyttar for heile serien, og desse skyttarane må melde seg på og betale deltakaravgifta…


Påskeskirenn for dei yngste

Skrive av redaktøren

Kanskje har de påskegjestar de kan invitere med ? Ålandsleite måndag 25.03.2013