Hopp til hovudinnhaldet

Nyheitsarkiv

Frifond midler til Nordbygda og Rand skyttarlag

Skrive av redaktøren

Nordbygda og Rand skyttarlag vart etter søknad tilgodesett med vel 20.000,- i midler frå frifond i 2013. Pengane er søkt om til vedlikehald på 100 meter elektronikken og rekrutteringsarbeid blandt våre yngre skyttere.


Rand skyttarlag og Nordbygda skyttarlag er samanslått

Skrive av redaktøren

Frå mandag 1. juli 2013 er Nordbygda og Rand skyttarlag et skyttarlag. Etter ekstraordinært årsmøter tidligere i vår der fleirtallet røysta for samanslåing gjekk den formelle søknaden gjenom hos DFS rett før helga. Det nye navnet på laget er Nordbygda og Rand skyttarlag. Interimstyret som skal fungere fram til kommande årsmøte består av styra i dei opprinnelige laga. Leiar i interimstyret vart Øystein Tytingvåg. Kasserer Roy Cato Hopland og Leiar i ungdomsutvalg Alfred Tytingvåg. Resten av interimstyret består av Atle Lotsberg, Jan Ove Lotsberg, Leiv Reksten, Bjarne Eriksen, Anita Lotsberg, Bjarne Skrede, Steinar Aaland og Wenche Henden.


Fotballkampar på Ålandsleitet sesongen 2013

Skrive av redaktøren

Det er duka for ein ny spennande fotballsesong for aldersbestemte lag i Veten/ Hardbagg. I år har vi to lag i aksjon i seriespelet; eitt 10-års lag og eit 12- års lag. Begge desse laga vil truleg yte litt ekstra om dei får støtte frå publikum.


Innbyding Fylkesstevne i Førde

Skrive av redaktøren

Under les meir følgjer innbyding til stemnet. Påmelding skjer i år på nettet via Mitt DFS, og for at skyttarane skal få samsnakkast seg i mellom om høvelege skytetider opnar vi dette søndag 26. mai kl 21.00. Vi legg opp til rikeleg kapasitet på både bane og felt slik at det skal vere mogeleg å finne høvelege skytetider for alle. Vi viser elles til innbydinga. Til slutt ber vi som vanleg om at deltakande skyttarlag legg litt pengar i premiepotten, ved å betal inn på Sunnfjord skyttarsamlag sin konto: 3705.15.92043. Innbydinga og annan stemneinformasjon blir også lagt på Sunnfjord si nettside: http://www.skytterlag2.no/sunnfjord/ Ver venleg å sende denne innbydinga vidare til alle aktive skyttarar i laget slik at alle får påmeldingsinformasjon. Vel møtt på Landsdelskretsstemne i 2013! Helsing Christian Rekkedal Sunnfjord Skyttarsamlag Tlf 99 69 23 02


Innbyding Landskyttarstevne Oppdal 2013

Skrive av redaktøren

Landskyttarstevne 2013 går i år føre seg på Oppdal fra 1-9 august. Under finn du innbyding og påmeldingsinfo Påmelding på "min side" på www.dfs.no