Påmelding NM skifelt
Fristen for påmelding til NM i skifelt går ut laurdag 17. mars. Årets NM går i Mo. Ta kontakt med Rolf Magne ved spørsmål
Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
Fristen for påmelding til NM i skifelt går ut laurdag 17. mars. Årets NM går i Mo. Ta kontakt med Rolf Magne ved spørsmål
Vi køyrer klassisk torsdagar i mars med cuprenn 10. mars Vangen fristil, 15. mars Leite klassisk og 24. mars Vangen klassisk
Minner alle om at det skal vere reklamemerke på nye Hardbagg drakter. Sport1 har både merke og oversikt over kvar sponsorane skal plasserast på drakta. Sponsorane er viktige for laget vårt.
Ruben -Olai Tytingvåg klemte til med heile 249 poeng på miniatyrstevnet i Svelgen forrige helg, Med dette resultatet forbedra han persen sin med 6 poeng. Han fylgde opp med 243 poeng på serieskytinga på Lote onsdagen. Det virka dermed som om han er i rute for samlagstevnet i miniatyr no siste helga i februar som Hornindal skl skal arrangere.
Rand skyttarlag arrangerte landsdelssteven i skifelt i helga, ein klarte å lure skytinga inn mellom snøbygene slik at det vart tilnærma like forhold for alle. Resultat finn du under.
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB