Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Nyheitsarkiv

Dugnad på Ålandsleite

Skrive av Torstein laurdag 13. oktober 2012

Det blir stordugnad på Ålandsleite laurdag 27.oktober. Sett av datoen!

Vi har fått ei bålpanne som takk for hjelp under junior NM skiskyting på Ullsheim i år. Denne kjem vi til å fyre opp. Ta med grillmat og godt humør :)


Oppstart av badekveldar

Skrive av redaktøren laurdag 22. september 2012

Første gong torsdag 4. oktober kl. 18:00-19:00 i Stryn symjehall. Velkomne store og små!


NM i skogsløp med skyting sprint og stafett.

Skrive av redaktøren måndag 3. september 2012

Fana skyttarlag byr inn til NM i skogsløp med skyting sprint og stafett 22 september. Kontakt Rolf magne ved spørsmål.
Eg tar i mot påmelding frå Rand sine deltakarar innan 13 september.

Med helsing
Rolf Magne Hellevang
Tlf. 57 87 36 54 Mob. 99 57 24 21


Resultat Kleiva Opp

Skrive av redaktøren sundag 2. september 2012

Det vart ny deltakarrekord under Kleiva opp. 103 stk var totalt på toppen av Kleiva i år. Det vart ny løyperekord i sykkelklassene både for herrer og damer. I herreklassa mellom dei som sprang var Isak Flo Bødal 15 sekund bak løyperekorden.


Fjelltrimmen 2012

Skrive av redaktøren laurdag 1. september 2012

Minner om at for å få godkjend poenga du får i fjelltrimmen som teljande i samandrag og statuett samanheng, må du vere medlem i Hardbagg I.L:)


Kalendar

  • Ingen nylege arrangement.

Annonser