Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Nyheitsarkiv

Årsmøte Rand Skyttarlag

Skrive av redaktøren måndag 19. november 2012

Torsdag 22 november er det årsmøte i Rand skyttarlag.
Sted: Rand grendahus
Tidspunkt: 20:00

Sakliste følger under.

Vel møtt.


Hugs basaren søndag 11. november klokka 13:30

Skrive av redaktøren fredag 9. november 2012

redaktøren Velkomne til idrettslagsbasar på grendahuset. Det blir matykt med påsmurt, platekaker, kaffi og saft. Det blir også utdeling av Fjelltrim.


Skiskyttartrening på leite tirsdager

Skrive av redaktøren måndag 29. oktober 2012

Vi har starta opp med skiskyttartreninger på leite tirsdager framover frå kl 18:00 for dei yngste og kl 19:00 for dei litt eldre. Dette kan bli justert når det er avklart korleis løypekøyringa blir utover i vinter. Det er no skiføre på Leite slik at vi satsa på å bruke ski på treningane framover. So tidlig som no må vi sjå ann forholda frå gang til gang. Det er forventa at alle bidreg med å få på plass matter, innskytingsskiver og snorene før og etter trening viss det er behov for det.



Resultat fjelltrim 2012

Skrive av redaktøren laurdag 13. oktober 2012

Resultat fjelltrim. Evt klager sei i frå til Monja innan ei veke. Nytt i år er at born under 2 år ikkje får godkjent statuettpoeng.


Kalendar

  • Ingen nylege arrangement.

Annonser