Skrive av redaktøren torsdag 13. desember 2012
No er badinga over og vi flytter skiskyttertreninga til torsdager kl 18 frå førstkommande torsdag 20 des. I romjula blir det ikkje organisert trening. Men anlegget står til fri bruk for medlemmene heile tida.
Første torsdagen etter nyttår prøver vi å få til cuprenn. Meir info kjem om det seinare.
Skrive av redaktøren måndag 3. desember 2012
Det blir Nissemarsj frå Ålandsleite kl 1800 fredag. Vi fyrer opp bålpanna og stiller med varmt drikke. Nissemarsjen startar og avsluttar ved klubbhuset. Ta med godt med kle, noko å grille og lommelykt. Medalje til alle små. Kontigent: 50,-
Skrive av redaktøren torsdag 29. november 2012
Fyrste runde på serieskytinga er blei arrangert torsdag kveld på Lote. Gode resultater frå våre yngre med Ruben med 250 poeng og Marie like bak med 249 poeng. Wenche stilte også sporty opp slik at vi fekk to lag i senior.
Skrive av redaktøren torsdag 29. november 2012
Norges skiskytterforbund inviterer til folkefest på verdenscup i Holmenkollen med et knakande godt tilbud til dei som ønsker å oppleve verdens beste kvinner og menn i skiskyting
Skrive av redaktøren sundag 25. november 2012
Torsdag 22. November hadde Rand skyttarlag årsmøte. Roger Aaland takka for seg etter 12 år i styret, og Wenche Henden og Steinar Aaland er nye i styret. Takka for innsatsen til Roger og ønsker dei to nye lukke til.