Skrive av Øystein torsdag 1. juli 2010
Steinar Åland oppnådde 250 poeng på stevnet på Løkemyra i helga. Ifølge Per Kjell som er leiar i skyttarlaget har det ikkje vore skote 250 av skyttarar i laget sidan midten av 70- tallet, då meinte han at Arne Skrede oppnådde dette. På omgangen fekk han desverre ikkje ut alle skota, men hadde 10 poeng på kvart av dei 7 skota han fekk ut. Totalt på dei to stevna Steinar skaut i helga tapte han berre to poeng på dei skota han fekk ut. En sterk prestasjon til å være første stevna for året for Steinar.
Skrive av redaktøren tysdag 29. juni 2010
Torstein Tvinnereim inviterar til kalasfotball. I anledninga jebusdagen til Torstein Tvinnereim blir det ei litt anna feiring enn normalt. Torstein inviterar til kalasfotball 3. juli, då Hardbagg IL spelar mot kalaslaget på Ålandsleitet.
Skrive av redaktøren torsdag 17. juni 2010
Rand sitt førstelag gjekk vidare i cupen i dagens skyting mot Nordbygda. Rand oppnådde totalt 1320 poeng, mens Nordbygda oppnådde 1309 poeng
Skrive av Bodil Rand sundag 13. juni 2010
Ingen klarte å tukte Tor Åland i dagens lagsmesterskap i jaktfelt.
Skrive av Øystein tysdag 8. juni 2010
Bjarne Skrede forsvarte lagsmestertittelen i felt fra i fjor. Med 30 treff og 18 innertreff var han ni innertreff føre nr to Alfred Tytingvåg med 30 treff og 9 innertreff.