Knakande godt resultat på basaren!
Skrive av redaktøren måndag 22. november 2010
Idrettslagsbasaren på søndag hausta mykje glede. Her kom flotte gevinstar eine vegen, medan kronene rulla motsatt veg. Omlag 32 000 kroner vart samla inn, noko som må seiast å vera eit godt resultat for idrettslaget.

