Hei alle idrettsvener!
Etter at vi har lege med litt broten rygg ei stund, både pga koronasituasjon og at web-ansvarleg har vore sjuk, så satsar vi no på å vere oppe og gå igjen.
Det betyr at det utover skal kome både små nyhende og etterkvart resultat frå årets vintersesong.
Basistreninga med Steinar har starta opp igjen måndagane kl. 19.00. Skiskytingtrening er i gong på Leite både tysdag og torsdag, og etter haustferien startar Hildegunn med trimmen sin på onsdagar. I tillegg har barneidrettsgruppa stadige aktivitetar på torsdagar, og etterkvart symjing på laurdagar.
Så prøvar vi å få til Idrettslagsbasaren igjen i november.
Så Hardbagg IL er i ferd med å vakna til eit aktivt liv igjen med linje på resten av samfunnet!
Velkomne til å følgje oss!