Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
Vegard gjekk inn til ein imponerande sølvmedalje i konkurranse med om lag 80 andre løparar. 17-åringen skaut feilfritt og leda ut i frå første skyting, og han heldt seg i tetskiktet heile løpet. Etter andre skyting, der han måtte tole tre bom, låg han på fjerdeplass, 14,1 sekund bak Ole Christian Johnsrud frå Bjerke IL/NTG.
Hardbaggløparen gjekk ein solid siste runde, og tok inn heile 10 sekund på Johnsrud som fekk to strafferundar totalt. Dermed vart det altså sølv i junior-NM på Vegard Skrede, berre 4,1 sekund bak vinnaren. Eit imponerande resultat når ein tenker på at ungguten ikkje fekk gå siste norgescuprenn grunna sjukdom.
- Målet mitt i dag var å skyte bra, det var der fokuset låg. Med fullt hus på første skyting tenkte eg at eg måtte skyte godt på andreskytinga og. Men med tre bom måtte eg berre gå alt eg hadde på sisterunden. Eg hadde ikkje forventa ein sølvmedalje med sju av ti treff fortel Vegard til Fjordingen. Noko feiring blir det ikkje så mykje av trur han, i morgon er det nemleg i aksjon igjen.
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB