Skrive av Bodil Rand tysdag 18. mai 2010
Idrettslaget har inngått eit samarbeid med Sport 1 (Stryn). Dette samarbeidet går ut på at Sport 1 har kjøpt inn eit stort parti med syklar (2008 modellar) som dei vil selje til fordelaktige prisar for kunden, samt gje idrettslaget 10 % av kjøpesummen.
Eit døme blir då slik.
Ein sykkel kostar kunden 5000 kroner. Kunden får 30 % avslag og betalar då 3500 kroner. I tillegg får idrettslaget 500 kroner (10 %). Sport 1 gjev på denne måten avkall på 40 % av sykkelen sin salsverdi.
Dette vil for oss vere sårt tiltrengde kroner som kan hjelpe oss i det vidare arbeidet med barn og unge. Det blir høve til å kjøpe syklar for både små og store.
Sport 1 vil poengtere at alle som kjøper sykkel hos Sport 1 vil få dette avslaget på 30 %. Valgt idrettslag får 10% uansett. Ingen treng såleis å vise noko form for legitimasjon.
Håpar mange vil nytte seg av tilbodet. Sjå vedlegg for nokre av syklane. I tillegg står der i teksten kor mykje av kjøpesummen som går til idrettslaget.
Dette tilbodet går ut til alle idrettslag Sport1 (Stryn) har samarbeidsavtalar med. Det er difor mange som får tilbodet, og det gjeld å være først til mølla
Tilbodet av syklar her!