Skrive av redaktøren måndag 27. desember 2010
Heile 30 lag deltok, eller i overkant av 200 fotballspelarar! Turneringa starta opp kl 1030 og åtte timar seinare var vinnarane kåra.
Mean Machine med mellom anna sogndalspelarane Ulrik Flo og Per Egil Flo vann herreklassa, medan Spice girls med elevar frå Stryn vidaregåande skule vann dameklassa.
Stor takk til alle som stilte opp og gjorde ein innsats for å arrangere i jula, og særleg takk til Tom Edvinsen som stilte og dømde heile dagen! Flott gjort av ein som ikkje har noko tilknytting til Hardbagg!