Rand skyttarlag arrangerte samlagstevne i felt ilag med Nordbygda skl søndag 28 april. Nesten 70 stk deltok. Av arrangørane var det Johanna Reksten Klasse ER og Kristen Lotsberg klasse V65 som gjorde det best med siger i kvar si klasse. Men det var mange frå laget som fekk seg god erfaring med å få skyte finaler. Arrangøren takker alle som stilte opp og hjelpte til for å få til arrangementet både i forkant og på sjølve stemnedagen. Og bedriftene i Stryn og Eid som stilte velvillig opp med gåvepremier.