Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Kleiva Opp 2012

Skrive av redaktøren laurdag 18. august 2012

Vi er klare for Kleiva opp 2012!

Søndag 2.september er vi nok ein gong klar for Kleiva Opp. Norges nest eldste motbakkeløp

Løpet er 7 km langt og har ei stigning på 600 meter. Dei fyrste 6 km går på asfalt, medan siste km går på traktorveg.

Mosjonsklassa og klassa under 16 år startar ved Rand skule. 4 km og 350 meter stigning.

Det er pengepremiar til dei tre beste tidene i løpsklassa for damer og herrer. Det er også pengepremie for evt løyperekord.

Eiga sykkelklasse: Det er eiga sykkelklasse. Her må det nyttast terrengsykkel.

Løpskontor på Rand Skule. Gjer merksam på at det pågår utbygging og derfor har vi ikkje dusjmoglegheiter i år. Vi bekager dette.


Påmelding til Torstein Tvinnereim. 91713422 eller torstein.tvinnereim@sfj.no seinast 1.september.

Startkontigent: 150/100/50

Velkomne!

Kalendar

  • Ingen nylege arrangement.

Annonser