Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
Isak klinka te med siger i 10 km klassisk i Hyensprinten; og aller mest stas må vi seie det er å få gratulere Vegard m/familie!
Vegard gjekk på bronselaget til Sogn og Fjordane under hovedlandsrennet i skiskyting. Sjå resultata i menyen.
Desse to karane er til stor inspirasjon for Hardbagg sine medlemmar.Vi gratulerer og takkar for at de står på og legg ned mange treningstimar
Lagsmeisterskap i klassisk som skulle ha vore 7.mars vart avlyst grunna dårleg ver.Veten IL kjem attende med ny dato for renn.
Aksel Mathias Meland frå Markane IL gjekk siste etappe på laget til Sogn og Fjordane i klasse G15-16.
Med seg på laget hadde han Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim, Sivert Myrold også frå Stårheim og Vegard Skrede frå Hardbagg IL.
Laget til Sogn og Fjordane var med i teten gjennom heile løpet og i mål vart det ein flott bronseplass, 18.3 sek etter laget frå Oppland som tok gullet.
Laget frå Nordland tok sølvet, 4.9 sek etter vinnarlaget.
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB