Det blei fleire medaljer for våre skyttarar på samlagstevnet i felt på Stadtlandet. Ruben-Olai Tytingvåg blei samlagsmester i klassen rekrutt. og Øystein Tytingvåg blei nr 2 i klasse 2-5 (senior).
Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
Det blei fleire medaljer for våre skyttarar på samlagstevnet i felt på Stadtlandet. Ruben-Olai Tytingvåg blei samlagsmester i klassen rekrutt. og Øystein Tytingvåg blei nr 2 i klasse 2-5 (senior).
Det var som venta litt trekk i lufta ute på Dragseidet og dermed litt utfordrande vindforhold for alle. Ruben-Olai klarte tross dette heile 27 treff på innledande skyting og det med 22 kaliber. I finalen fortsette han med 10 treff på 12 skoten og vart til slutt to treff føre Johanna Reksten på andre plass.
I seniorklassa fekk Øystein 25 treff på innledande og Per Kjell 23 treff på innledande. Dette held til skive 4 og 6 i finalen. Leiv Reksten fra Nordbygda leda etter innledande med 28 treff. I finalen fekk Per Kjell 2 treff på kneholdet og desverre 0 på langholdet. Øystein fekk fire treff på kneholdet og 6 treff på langholdet og skaut seg opp til andre plass. Dette var to poeng bak Leiv som hadde 4 treff på kne og 5 treff på langholdet.
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB