til Richard Sjölander på skuleplassen fredag 26. juli.
Han har reist i over 40 land dei siste ti åra, spelt inn fleire reklamefilmar for store selskap, komt høgt opp i internasjonale konkurransar og levt av triksinga, først som utøver og dei siste åra mest som dommar i internasjonale konkurransar.
Etter oppvisninga fekk fleire prøve seg på ulike triks, noko som var veldig populært.
På rundtur i bygda og på fjellet hadde han med fotballen utan at den ramla verken i fossen eller i Hornindalsvatnet, her snakkar vi ballkontroll på høgt nivå. Sjølv anslår han at det ligg omlag 10000 treningstimar bak det, og at det stadig må friskast opp for at triksa skal sitte som dei skal. Det kan vere ei utfordring å prøve seg på!