Gina Agathe Tytingvåg fekk Stryn Turn og Idrettslag sin stimulansepokal på årsmøtet tysdag 9. februar
Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!
Gina Agathe Tytingvåg fekk Stryn Turn og Idrettslag sin stimulansepokal på årsmøtet tysdag 9. februar
Grunngiving:
Sportsleg utval i Stryn Fotball aldersbestemt innstiller Gina Tytingvåg født 1996 som kandidat til å få stimulansepokal. Gina Tytingvåg er einaste frå Stryn som er plukka ut av SFFK si toppgruppe i fotball. Toppgruppa består av ei lite utval av spelarar. Gina er plukka ut som ei av dei fem beste jentene frå Sogn og Fjordane født i 1996. Målsettinga er å utvikle spelarar til øverste nivå i Norsk Fotball.
Det er ingen tvil om at Gina Tytingvåg er eit spesielt talent, som viser stor treningsiver og gode haldningar. Gina hospiterte i fjorårets sesong både på småjentelaget og jentelaget.
Ho er allsidig på fotballbana der ho meistrar dei fleste posisjonar på bana, alt frå keeper til spiss.
Gina har tidlegare vore aktiv i skiskyting og var då blant dei beste i kretsen. I tilegg er ho aktiv i musikken i heimbygda.
Vi ser på det å gje henne ein stimulanspokal som ein måte å vise at også Stryn Fotball set pris på å ha ein med hennar talent i treningsgruppa si.
Andreas Thayanantham(handball) og Malene Nesdal(turn) fekk også stimulansepokal.
Kjelde: www.stryn-fotball.com
© Hardbagg IL 2018 | Utvikla av Bergset EDB