G11 var på Sandane i går måndag og spelte fotballkamp. Kampen starta i eit godt tempo og Sandane fekk to kjappe mål. Vi kontra og stillinga var 2-1. Tre nye mål til heimelaget og ein straffe som gjekk i mål. Sandane leia 6-1 til pause.
Spelarane gjekk på banen med ny giv etter pause, der dei mellom anna hadde snakka om sentring til medspelarar, at spissen må ligge framme og forsvaret dekke opp angriparane til motstandarane. Mål til heimelaget, og vi kontra. Sandane pressa og scora. Etter mykje godt spel kom det enda eit nytt mål mot oss. Og dei klarte å lure inn eit mål får dommaren båste av kampen.
Stillinga var då 10-2, vi gratulerer Sandane med sigaren.