Vi satsar på å få til skileikområdet i Jobeite og på same tid skiløype nedom Jobeite i haust.
For å klare dette, må vi flytte nokre lyspålar. Vi satsar på å få gjort mykje av dette laurdag 9.oktober frå kl 0900.Ta med hakke, spett, spade og niste. Olav vil få på plass jekk til å få opp pålane som skal flyttast og anna spesialreiskap. Arve Skrede vil vere arbeidsleiar denne dagen.
Håpar mange vil vere med å ta eit tak for å få på plass dei 4-5 lyspålane som vi skal ha opp. Når desse er på plass, kan vi også nytte løypetraseen som går nedom Jobeite på kveldstid. Dette vil gje oss ei endå betre lysløype.
Hardbagg IL