Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Bidrag til ny barnehage

Skrive av redaktøren måndag 14. november 2011

Det har i mange år vore eit sterkt ynskje om utbygging av Rand skule og barnehage, og prosjektet var i vår ute på anbod. Det er teikna ei god løysing der ein vil bruke arealet inne i hesteskoen til ny hovudinngang, garderobar, toalett og eit nytt og større kjøkken for bruk av både skule, barnehage og grendahus. Barnehagen vil nytte eksisterande garderobe- og kjøkkenareal. Innkome tilbod var ca. 2,5 million kroner over budsjettramme og prosjektet vart dermed sett på vent.

I første runde var det lova ein dugnadsinnsats på kr 200–300.000,- frå bygdafolket i form av arbeid med utriving av eksisterande lettveggar og eventuelt noko malingsarbeid. Bygdafolket har no fått henvendelse frå politikarane om vi kan bidra med meir for å få prosjektet i gong.
Ei realisering av prosjektet vil gje nye og tidsriktige lokale for barnehage, og ei naudsynt oppgradering av skulen. I tillegg vil ombygginga gje fordelar for bygda gjennom nytt og større kjøkken, nye toalett, garderobar og fungerande dusjar.
Eit auka bidrag frå bygda må skje gjennom dugnad eller pengestøtte. Mykje av byggearbeida er ikkje praktisk mogleg å utføre på dugnad, og bygdefolket har begrensa ledig tid. Ein ynskjer derfor å kome til ei avtale med kommunen gjennom å bidra med ei pengegåve til prosjektet. Vi trur at ein tilstrekkeleg eigenandel frå bygda er heilt avgjerande for at prosjektet skal verte realisert.
I møte i prosjektgruppa 25. oktober deltok også representantar frå politikarane med Sven Flo, Bernard Hole og Jofrid Rye Hestenes. Då ein på møtet signaliserte at ein var villege til å gå inn med pengegåver til opprusting av grendahusdelen blei det svært godt motteke av politikarane. Prosjektet skal no til ny behandling i skule- og kulturutvalet, og ei auka budsjettramme må løyvast og godkjennast i kommunestyret før ny utlysing. Før dette må bidrag frå bygda kartleggast, og vi ynskjer derfor å finne ut kva bygdafolket kan bidra med i form av pengegåve til prosjektet.
Vi ber derfor om at alle vurderer eigen vilje og evne til å gje ei pengegåve til prosjektet. I første omgang er det berre ein lovnad om eit beløp vi treng. Innbetaling vil først skje etter at utbygging er vedteke og oppstarta. Vi ber om svar til Rolf Magne Hellevang eller Ole-Johnny Nesdal innan 15. november.
Ved spørsmål treff du Rolf Magne på tlf 99572421og epost ro-magne@online.no, og Ole-Johnny på tlf 91 31 94 97 og epost ole-jone@online.no.
Med venleg helsing
Foreldrerepresentantane i prosjektgruppa: Rolf Magne Hellevang og Arve skrede.
Styret i P/L Rand Grendahus: Ole–Johnny Nesdal, Wenche Hammer, Irene Stensaker, Otto Aaland, Björn Benthin.
Partseigarar i Rand Grendahus: Hardbagg IL, Rand UL, Bygdas Vel, Rand Skyttarlag og Randabygda Bygdekvinnelag.

Kalendar

  • Ingen nylege arrangement.

Annonser