Det vart våre rekrutter som stod for dei beste resultata på samlagstevnet i Hyen laurdag. Marie Alme vart nr to og Ruben Olai Tytingvåg nr tre. Før finalen hadde Ruben Olai 238 poeng og låg på tredje plass. Marie hadde 235 poeng og låg på fjerde plass før finaleskytinga. Johanna Reksten leda med 248 poeng. I finalen vart det anvist en og en. Marie fekk flotte 97 poeng i finalen og då måtte Ruben Olai ha 94 eller betre for å lede. med en 9,9 på siste skotet klarte han 93 og Marie leda fortsatt. Jakob Straume på skive 2 hadde samme utgangspunkt som Ruben Olai, men klarte ikkje å tukte våre to. Med Johanna suverent i tet vart det andre til Marie og tredje til Ruben Olai. Vi gratulerer.