Hopp til hovudinnhaldet

Fakkelmarkering i Stryn før Ungdoms-OL 2016

Skrive av redaktøren

Ungdoms-OL 2016
– OL-fakkelen kjem til Stryn 22. januar!

Til grupper i idrettslag v/leiar
Hei!

Ungdoms-OL 2016 vert arrangert på Lillehammer i februar!
http://lillehammer2016.no
I den samanheng skal OL-fakkelen i gjennom alle fylka og kjem til Stryn 22. januar 2016.
Visjon: skal løfte fram norsk ungdom og vidare skape kjennskap og entusiasme til Lillehammer 2016
Ungdoms-OL samarbeider med Sogn og Fjordane Idrettskrins om å gjennomføre markeringa her i fylket.

Fakkelmarkeringa i Stryn:
Tenning av den Olympiske ild og andre aktivitetar i Stryn sentrum
Av, for og med ungdom - synleggjere lokal ungdomsidrett / idrettsglede for ungdom
Vi ønskjer rekruttere ungdomar til å bli med som frivillige
Første fellesmøte for dei frivillige i arrangementet blir i Stryn tysdag 15. september
Sjå vedlegg for meir info.

Veit du om nokon i ditt idrettslag som kan tenke seg bli med?

Fint om du vidareformidlar til dei du trur kan vere aktuelle og ber interesserte melde tilbake innan 10. september til:
ingrid.narum@idrettsforbundet.no , tlf. 918 00 611

Ha ein fin dag!


Med sportsleg helsing

Ingrid Narum
Plan- og utviklingsleiar
Sogn og Fjordane Idrettskrins