Informasjon

Løypekart

Løypekarta er no klare og vi legg dei ut her.
Løypekart finfelt
Løypekart grovfelt
Løypekart sprint

Arrangementet
Vi i god rute med førebuingane. Alt ligg til godt rette for at det 53. NM i skifeltskyting vert eit vellukka meisterskap. Vi legg vekt på eit publikumsvennleg opplegg med god speakerteneste og trivsel for løparar, leiarar og publikum.
Vi legg opp til standard premiering på normalen og på sprinten vert det gåvepremiar.

På laurdag kveld blir det Festmiddag på Rand Grendahus etter premieutdelinga. Der vert det god mat og underhaldning. For å beregne best mulig mengde ønkjer vi påmelding til banketten ved påmeldinga til rennet.

Arrangørstaden

Hopland/Randabygda er ei lita bygd som ligg i Nordfjord heilt vest i Stryn kommune, på grensa mot Eid kommune. Vi har ca 170 innbyggjarar i alle aldrar. Mange i bygda livnærer seg på landbruksdrift enten berre det eller i kombinasjon med jobb utanom. Bygda har eit aktivt idrettslag, der hovedaktivitetane er skiskyting og fotball.

GPS koordinater til arenaen: EUREF89/WGS84 Lat/Lon Lat G61M52S39,5760 Lon G06M19S41,3291
Kart til arena
Kart rennkontor

Innkvartering

Rand skyttarlag har inngått samarbeidsavtale med fleire overnattingsstader. Arrangøren vil oppmode deltakarar og andre til å nytte våre samarbeidspartnarar.

Bryggen Hotel i Nordfjordeid sentrum ca 20-25 min frå arena. Hotellet har faseliteter for skismurning
Prisar pr døgn inkl frokost: dobbeltrom kr 1090,- Enkeltrom kr 990,-
tlf: 57 86 06 22
e-post: post@bryggenhotel.no
heimeside: www.bryggenhotel.no

Hotel Loenfjord i Loen ca 40-45 min frå arena. Vi kan tilby smørjebod i garasjen.
Prisar pr døgn (gjeld alle uansett alder) Prisane inkluderer opphald med frukost.
Pr person i dobbelt rom kr 690,-
Pr person i trippeltrom kr 640,-
Pr person i enkeltrom kr 940,-

Tillegg for middagsbuffé kr 180,-
Smørje-sjølv nistepakke kr 65,-
Tlf: 57 87 57 50
e-post: post@loenfjord.no
Heimeside: www.loenfjord.no

Raftevolds Hotel i Grodås sentrum i Hornindal ca 35-40 min frå arena. Har ledige rom og tek gjerne imot deltakarar til å bu på hotellet
Pris pr. pers. i dob.rom: kr 825.- som inkl. rom/frukost, nistepakke, middag og kornblanding

Tlf.: 57 87 96 05
e-post: post@raftevold.no
Heimeside: Raftevold hotel

Nordfjord Fritidsenter ved hoppbakken på Vangen/Fjelli. 15-20 min frå arena
Priser 200-300,- pr seng + sengetøy

Tlf: 90 26 65 50
Heimeside: www.nordfjordfritid.no